teknofaun

det friskgrønne nettmagasinet

Faun

Provoserande og viktig

"Sustainable energy - without the hot air"«Sustainable Energy – without the Hot Air» har potensiale til å verta eit standardverk. Boka kan du lesa gratis.

av Øyvind Strømmen

David MacKay, som er professor i fysikk ved universitetet i Cambridge, har skrive ei ikkje mindre enn imponerande bok om fornybar energi.

Boka, som er på nær 400 sider, tek for seg det eine store temaet etter det andre. Her vert alt frå offshore vindenergi til mobiltelefonladarar, via energibruk i transportsektoren og til oppvarming, diskutert. Alt saman vert presentert med grundig talmateriale.  Boka treff dermed midt i blinken for debatten som for lengst burde ha kome på nasjonalt nivå i Noreg – korleis me fortast mogleg skal fasa ut bruken av fossil energi heilt og halde, og vidare korleis me kan bidra til at det same kan gjerast i resten av Europa og verda. Ho burde også vera høgaktuell for debatten innad i den norske miljørørsla, sidan ho tek opp både dei positive og dei negative sidene ved vindkraft og offshore vindkraft.

MacKay svingar jamvel innom Smøla, og sler fast at han deler BirdLife International si uro for sjeldne fuglar, før han heldt fram:

Men det er viktig å sjå på tala. Det har vorte estimert at 30.000 fuglar i året vert drept av vindmøller i Danmark. Skrekk og gru! Forby vindmøller! Men me ser også at trafikk drep ein million fuglar årleg i Danmark. Tredve gongar meir skrekk og gru! Tredve gongar meir insentiv til å forby bilar! Og i Storbritannia vert 55 millionar fuglar i året drept av kattar. Basert på kjensler åleine, ville eg lika å bu i eit land med mest ingen bilar, mest ingen vindmøller, og mengder av kattar og fuglar. Men det eg verkeleg vonar er at avgjersler om bilar og vindmøller vert gjort på grunnlag av forsiktig rasjonell tenkning, og ikkje på grunnlag av kjensler åleine. Kanskje treng me vindmøllene!

Unikt perspektiv

Det er inga tvil om at boka til MacKay, som andre bøker om fornybar energi, kan provosera. Men det er samstundes er svært viktig bok, ikkje minst fordi MacKay sitt perspektiv er ganske unikt.

Ein ting er at han rettar fokus på konkret talmateriale, istadenfor på adjektiv. Ein annan ting er at han – sjølv om han kjem innom klimaspørsmålet tidleg i boka – har eit anna utgangspunkt. I eit av boka sine siste kapittel, som handlar om CO2-fangst, samanfattar han dette:

Når eg byrja å planleggja denne boka hadde eg tenkt å unngå klimaforandringane heilt. I nokre sirklar var spørsmålet «Finst klimaendringane?» kontroversielt. Det same kunne ein seia om spørsmåla «Er dei menneskeskapte?» og «Tyder det noko?». Og hengjande til sist i rekkja av kontroverser, «Kva skal me gjera med det?». Eg meinte at bærekraftig energi var eit viktig tema i seg sjølv, og at det var best å unngå kontrovers. Mitt argument skulle vera «Det er ikkje viktig når fossile energikjelder går tomme; det er ikkje viktig om klimaendringane er verkelege, <i>å bruka fossile brensle er ikkje bærekraftig uansett</i>; lat oss førestilla oss å leva bærekraftig, og finna ut kor mykje bærekraftig energi som er tilgjengeleg.

- Det siste me bør snakka om  Plasseringa av diskusjonen om CO2-fangst til slutt i boka er heller ikkje tilfeldig. MacKay meiner dette er det siste me bør snakka om. Han fryktar CO2-fangst fort kan verta ei kvilepute som gjer at ein ikkje handlar i det heile.

Samstundes meiner han at me bør snakka om det, og forska på det, sidan det kan verta «vår siste forsvarsline, dersom klimaendringane er så ille som klimaforskarane seier, og dersom menneskeheita feilar i å ta dei billegare og meir fornuftige vala som er tilgjengelege for oss i dag».

Viktig å seia ja

Det er kanskje dårleg bokmeldarkotyme å avsløra korleis boka sluttar, men sidan MacKay sin konklusjon er sentral og vesentleg skal eg gjera det likevel.

Det aller siste – og aller kortaste – kapittelet i boka heiter «Å seia ja» (Saying yes), og det er verdt å sitera eit lengre avsnitt:  Sidan opinionen har ein generell tendens til å seia «nei» til vindkraft, «nei» til atomkraft, «nei» til tidevasskraft – «nei» til alt anna enn energisystem basert på fossile brensler – er eg uroa for at me ikkje kjem til å klara å kutta ut fossile brensler når me treng det.

I staden vil me satsa på halvløysingar: litt meir effektive kraftstasjonar, bilar og litt meir effektiv oppvarming basert på fossilkraft, eit fikenblad av eit karbonhandelssystem, litt strøssel av vindturbinar; eit utilstrekkeleg tal på atomkraftverk.

Det er neppe mange i den norske miljørørsla som vil opna for atomkraft – heldigvis. Men MacKay sitt poeng er verdt å bruka tid på. I norsk miljørørsle har me i stor grad innsett at det er på tide å seia nei til dei fossile brensla. Men det heldt ikkje. Noko må me også seia eit rungande ja til. ENØK åleine vil ikkje gjera susen.

Sustainable Energy – without the Hot Air

David J.C. MacKay

UIT Cambridge

Tilgjengeleg i gratis nettutgåve på withouthotair.com

2 Responses to “Provoserande og viktig”

  1. admin says:

    Testkommentar.

  2. soepstad says:

    http://withouthotair.com/ sliter med båndbreddeoverskridelser, alternativ link er http://tinyurl.com/sewtha

Leave a Reply

Nettmagasinet Teknofaun - ansvarlig redaktør: Øyvind Strømmen