Vil du forandra verda? Start med din egen by
I førre veke møttest den friskgrøne tenkaren Alex Steffen – kjent frå nettstaden WorldChanging – og Stephen Board frå American Public Media i København. På radioprogrammet Marketplace diskuterte dei to ei løysing for å kjempa mot klimaendringar: endring av byane.
Alex Steffen sa blant anna følgjande:
Dei fleste av oss har høyrd om ingeniørløysingar, som å skifta ut kolkraftverk og SUV-ar med vindturbinar og hybridbilar. Rein energi og grøn teknologi er kritisk, men dei vert overgått av ein meir systematisk tilnærming: bygg friskgrøne byar. [...] Lange pendlarreiser i bilar, store strømrekningar frå energyslukande bygningar, handleturar for å kjøpa ting som vil finnast i nokre månader i heimen og i hundrevis av år på søppelplassar.
Dette er ikkje-bærekraftig oppførsel. Og desse vanene er vanskelege å endra fordi dei er ein del av sjølve veven byane våre og dei utbreidde forstadane er laga av. Dersom denne vert vevd på nytt vil det vera mykje enklare å gjennomføra endringane.
Du kan høyra programmet (på engelsk) her.
