Om fildeling og kulturhistorie
Kva har fildeling med kulturhistorie å gjera? Rett mykje. Og ein skal vera rimeleg innbitt fildelingsmotstandar for å ikkje sjå fordelane ved det.
av Øyvind Strømmen
Då eg var sju år gamal fekk me den fyrste datamaskina i hus, ein Sanyo MBC-775. Bror min tok brevkurs i programmering med BASIC og eg hang over skuldra hans. Meir interessert var eg nok likevel i dataspela, særleg i Rogue-varianten “Dungeons of Moria“. Eit anna spel som etterkvart vart ein favoritt var Digger, som diverre ikkje verka i det heile på mi neste datamaskin. 386sx-en var rett og slett altfor god.
Seinare skulle det sjølvsagt bli langt fleire dataspel, dei fleste av dei har eg sidan gløymd – men nokre juvelar set som klistra i hjernebarken.
Eg har f.eks. lenge hatt lyst å få tak på Commodore-64 spelet som eg spela hos ein kompis og som eg trur heitte “Schooldays” – det handla om å vera ei bølle på skulen.
Desse dataspela er ein del av vår nære kulturhistorie, men er ofte vanskeleg å finna tak på, og vanskelege å få til å fungera på ei moderne datamaskin. Selskapa som produserte dei er gjerne borte, programmerane har vakse ut av garasjane sine, og driv kanskje på med heilt andre ting. Men kopiretten er oftast framleis intakt (sjølv om ein del av dei tidlegaste spelprosjekta var open source).
Eg vil faktisk gå så langt som å levera følgjande påstand: Hadde det ikkje vore for ulovleg kopiering – blant anna gjennom såkalla abandonware-sider – hadde denne delen av kulturhistoria vore i stor fare for å døy fullstendig ut. Og for ein dataspel-entusiast som meg ville det vera omlag like ille som om norsk litteratur skulle vera foruten både Bjørnson, Wergeland, Hamsun, Undset og Vesaas. Ein del av dei gamle dataspela fortener absolutt nemninga klassikarar.
Kan ein seia det same om film? Ei stund attende kom eg over ein referanse til ein klassisk britisk film, “Passport to Pimlico“. Nyfikna mi vart pirra, men eg bur i ein liten distriktskommune der det knapt er mogleg å leiga film og der kjøpefilm er noko ein får hjå Kiwi og på Best-stasjonen, så det ville vera bortkasta å leita etter filmen der. Han finst på Amazon i ei DVD-utgåve laga av franskmennene som no (på eit eller anna vis) sit med rettane til filmen – men DVD-utgåva har fått utruleg dårlege kritikkar, dårleg lyd, dårleg kvalitet. Og så finst filmen på diverse fildelingstenester. Der er han lettare og raskare tilgjengeleg enn alle andre stader. Igjen vil eg påstå at den ulovlege fildelinga bidreg til at relativt nær kulturhistorie er tilgjengeleg for fleire. Ein skal vera bra kritisk til fildeling som fenomen for å unngå å sjå verdien av nett dét.
Sjølv meiner eg at den ulovlege fildelinga er eit utslag av eit teknologisk paradigmeskifte. Moderne datateknologi gjer det mogleg å dela store mengder informasjon over store avstandar og til relativt låg pris (men lunsjen er ikkje gratis, både internett, straum, datautstyr og servarar kostar pengar). Dette gjer at kulturen er i ferd med å venda attende til allmenninga, etter eit lengre opphald i marknadssfæra.
Det er lett å sjå problem ved dette. Kulturprodusentar som ikkje får betalt for arbeidet sitt. Nisjeforretningar som går dukken. Plateselskap som vert gjort overflødige. Veksten i ulovleg fildeling får negative konsekvensar, og det ville vera naivt å underslå det.
Men samstundes: Let utviklinga seg stogga? Kva slags virkemiddel må ein då ta i bruk, når sjølv ikkje Kina – med eit arsenal av totalitære metodar – klarer å hindra borgarane sine å gå til nettstaden piratebay.org? Når sjølvaste Bono nemner Kina som eit døme på at det er mogleg å avgrensa internett er det dermed ikkje berre rimeleg hårreisande, men også langt på veg feil. Sant og seia er det noko lettare luddistisk over industrien sin kamp mot fildelingsmonsteret. Nerdane, geekane og piratane sit med sterkare kort på handa, ikkje minst at svært mange finn det heilt naturleg å dela kulturprodukt – sjølv blant medlemene i organisasjonar som kjemper med nebb og klør mot fildeling.
Ulempene ved at kulturen vender attende til allmenninga er fleire: ein kan frykta at kunsten i endå større grad vert avhengige av sponsing frå staten og frå folk med mykje pengar. Produktplassering og rein reklamekultur kan verta vanlegare. Ferske band, som ikkje kan rekna med like gode pengar som dei etablerte på sal av konsertbillettar, spesialutgåver, t-skjorten og andre typar materiell, vil kanskje vera avhengig av å ha anna arbeid på sidan av endå lenger enn dei er det i dag.
Men det som trengst no er likevel ein djuptgåande debatt på myndighetsnivå om kva ein gjera for at kulturen skal koma styrkt ut av paradigmeskifte og korleis ein skal sikra at produsentar framleis får betalt for åndsverka sine. Det bør vera ein ærleg debatt om korleis ein kan dempa ulempene og dra mest mogleg nytte av fordelane av den ikkje-kommersielle fildelinga, og debatten bør ikkje lenger handla om korleis ein skal kriminalisera hundretusenvis av menneske.
Dei grøne partia i Europa – inklusiv norske Miljøpartiet Dei Grøne – er viljuge til å ta den debatten. SV-minister Bård Vegar Solhjell viser gode takter, og Unge Venstre glimtar til i blant. Delar av Raudt synest tilsynelatande det er ein del av ein kul anti-kapitalistisk kamp, men gløymer i stor grad opphavsmennene, kunstnarane. Men kvar er resten av politikarane? Vel dei å ignorera ein av dei viktigaste kulturpolitiske debattane me står ovanfor?
—
Dette er ei lettare redigert og oppdatert utgåve av ein bloggpost som originalt vart publisert på forfattaren sin eigen blogg oyvindstrommen.be.


