Kva er grøn politikk?
Verken lysegrønt ad hoc-miljøvern eller djupgrøn filosofi gjev gode svar. Kva er eigentleg grøn politikk?
av Øyvind Strømmen
Det finst ikkje noko slikt som ein gratis lunsj, seier gjerne marknadsliberalistar. Poenget deira er gjerne at velferdsgoder som offentlege sjukehus, offentlege skular og bibliotek faktisk kostar noko; me betaler over skatteseddelen – det er ikkje gratis.
Men dei av oss som har plukka villbringebær veit at marknadsliberalistane tek feil. Dei av oss som har vore på sopptur i skogen, som har drukke det klåraste vatn frå bekkar i fjellet, eller som har fiska makrell i fjorden, anar at det finst noko slikt som ein gratis lunsj. Både høgre- og venstresida har så til dei grader hengt seg opp i diskusjonen om stat og marknad at ein har gløymd den tredje og viktigaste delen av økonomien – allmenningane.
Allmenningane er den breie elva som eksisterer rundt kapitalismen, ei elv som består av felleseigde verdiar som me alle har eit ansvar for å ivareta og for å forsvara: kulturelle verdiar; samfunnsverdiar som demokrati og menneskerettar, ytringsfridom og religionsfridom; og ikkje minst naturverdiar.
I dag vert allmenningane etne opp av kapitalkreftene, og det skjer ofte med staten si velsigning. Eksempla er mange: Kunnskap vert privatisert. Offentlege område vert fylde med reklame. Privat deling av kulturprodukt vert handsama som kriminalitet. Livsformer vert patenterte. Naturverdiar vert øydelagde. Utslepp av klimagassar gjev menneskeskapt, global oppvarming – eit inngrep i naturallmenningen av veldige og uante proporsjonar. Myndigheitene har ikkje emna å stansa desse åtaka, og bidreg ofte til dei sjølv – både ved å leggja tilhøva til rette for dei, og ved sjølv å opptre som slukande kapitalist, slik norske myndigheiter gjer gjennom blant anna StatoilHydro.
Samstundes er nokon av dei som tek opp kampen nettopp private aktørar, både næringsdrivande og friviljuge organisasjonar. Det syner at den store politiske kampen i det 21. hundreåret ikkje burde handla om stat eller marknad, men snarare om å ivareta allmenningane – vår felles arv og våre felles verdiar.
Kva er det å vera grøn?
For meg kviler ein grøn, politisk ståstad på ei ganske enkel erkjenning: Framtidssamfunnet må vera grønt. Om det ikkje er det, vil me få eit ubehageleg samfunn, prega av knappe ressursar og potensielt dramatiske menneskeskapte klimaendringar. Men kva tyder det å vera grøn?
- Så lenge som menneske bur på heimplaneten vår, vil me forandra miljøet, skriv Jamais Cascio. Det er ei utvilsam sanning.
Som Cascio påpeiker vil sjølv dei mest bærekraftige av byar kan endra vindmønster, sjølv økologisk landbruk endrar den lokale biosfæra. Og for å sitera Goethe:
Den uskyldigste spasertur kostar tusen stakkars småkryp livet; eit fottrinn omstyrter mauren sine møysommelege byggverk og trampar eit heilt lite samfunn i grava!
Eit spørsmål om korleis me kan slutta å forandra planeten er eit meininglaust og fånyttes spørsmål.
Det me må spørja oss sjølv er korleis me kan gjera dette på ein smartare måte, korleis me kan unngå dei verste skadene på planeten sitt økosystem, korleis me kan ta meir omsyn til langsiktig påverknad og også korleis me kan kombinera økologiske fotavtrykk – mengda produktive jord- og vassareal som trengst for å produsera ressursane me nyttar og for å ta opp utsleppa våre – med økologiske handavtrykk – positiv menneskeleg miljøpåverknad.
Dei lyse og dei djupe
Det finst ulike grøne tilnærmingar. Nokre vil kanskje kritisera meg for å vera splittande ved at eg tek opp problema ved nokre av dei, men eg meiner grøne må vera viljuge til å konfrontera potensielle problem i den ideologiske retninga dei sjølv representerer.
Ei gruppe er dei såkalla lysegrøne, som gjerne fokuserer på endringar i livsstil og forbrukarvanar, eller markerer seg som motstandarar av ei kraftutbygging her eller ei oljeplatform der, med ad hoc-miljøvern. Alt dette er positivt, men utan ei meir gjennomgripande grøn tenking kan ein altfor lett enda opp med eit tynt ferniss av grønmåling på eit samfunn med grunnleggjande feil eller manglar. I andre tilfelle kan den lysegrøne tenkinga også verta rein grønvasking. Dei lysegrøne freista – for å bruka sosialøkologen Murray Bookchin sine krasse ord -”å få eit rote samfunn til å fungera gjennom å kle det i grøne blad og fargerike blomar medan dei overser dei djuptgåande røtene til våre økologiske problem”.
Dette har dei såkalla mørkegrøne eller djupgrøne reagert på ved å kritisera dei lysegrøne for “grunn økologi”. Dei djupgrøne vil gripa – nettopp – djupare. Diverre er djupøkologien svært lite konkret. Om ein les djupøkologiske tekstar vil ein finna filosofiske idear om korleis samfunnet burde vera, men få framlegg til konkret politisk handling. Dei filosofiske ideane kan på toppen av dette fyllast med høgst ulikt politisk innhald. Og joda, mykje av det politiske innhaldet kan vera både svært bra og positivt, men noko av det er kontraproduktivt, negativt eller jamvel beint fram totalitært.
Eit godt eigna døme finn ein i den filosofiske førestillinga om biosentrisme (biosfæra i sentrum, økosentrisme vert også nytta) i staden for antroposentrisme (mennesket i sentrum).
Dette er ein sentral idé for svært mange av dei som kallar seg djupøkologar. På den eine sida kan det gje seg utslag i kjærleik til naturen, og til ei vilje til å sjå på økologiske samanhangar når ein tek politiske avgjersler. På den andre sida kan den gje seg utslag i eit mildt sagt dystert og i blant direkte hatsk menneskesyn, der det er mennesket som er problemet, og ikkje konkrete former for energiproduksjon, transportløysingar, måtar å driva landbruk på, bestemte sosiale strukturar eller konkrete politiske avgjersler.
Trass i djupøkologien sitt fokus på økologisk heilskap har djupøkologar ein lei tendens til å sjå på mennesket som ståande utanfor naturen; som eit virus eller ein infeksjon. – Menneskeheita har vorte ein grashoppeliknande infeksjon, skreiv djupøkologi-poeten Gary Snyder. – Verdsmiljøet må haldast naturleg.
Endå meir illustrerande er artikkelen “Population and AIDS” skrive av Christopher Manes under pseudonymet Miss Ann Thropy (som bokstaveleg tala tyder menneskehat). Denne artikkelen vart publisert i tidsskriftet Earth First! – tilhøyrande gruppa av same namn, “djupøkologien sine jesuittar”:
Dersom radikale miljøvernarar skulle finna opp ein sjukdom for å få den menneskelege befolkninga attende til økologisk fornuft ville det truleg vera noko slikt som AIDS. [...] Eg reknar det som opplagt at det einaste vonet for å framleis ha varierte økosystem på denne planeten er ein enorm reduksjon i talet på menneske. Miljøvern, sosial rettferd, riktig teknologi, osv. er bra å diskutera og jamvel verdt å skryta av, men dei tek ganske enkelt ikkje for seg problemet.
Dette negative bilete på mennesket, som heng ganske grundig saman med førestillinga om økosentrisme og som vert fora av malthusiansk panikk, vert gjerne kombinert med ein grunnleggjande teknopessisme.
- Djupøkologien stiller spørsmål ved alle former for teknologi. Me treng teknologi som er kompatibel med vekst av autonome, sjølvstyrte individ i ikkje-hierarkiske samfunn, skriv den amerikanske djupøkologen og landbruksforskaren Eugenio A. Lomba-Ortiz. Då vert det lett å oversjå moglegheitene i moderne teknologi for fornybar energi, i elbilar og passivhus. Lomba-Ortiz omtaler då også konkrete økodesign-idear i svært kritiske ordelag, og oppmodar til meir filosofisk fundering.
Denne suppa kan gje politisk mismot: Dette går til helvete! Eller ho kan gje politisk arroganse: Folk flest skjønar ingenting! Ho kan gje menneskehat, eller ho kan gje ideologisk blindskap, der ein vert så oppteken av filosofiske læresetningar at ein vel bort gode, praktiske løysingar. Den kanskje viktigaste grunnen til at djupøkologien er problematisk er likevel at han, sjølv i meir sympatiske og menneskekjære versjonar, er grueleg uklar. Djupøkologien “fordrar at me dreg alle konklusjonar basert på denne, men [har] konkrete implikasjonar [som] likevel er langt frå openberre”, skriv den belgiske grøne tenkjaren Philippe van Parijs.
Heilskapleg, positiv og konkret
Slik eg ser det gjer verken den lysegrøne eller den djupgrøne tenkinga særleg godt grunnlag for grøn politikk. Den fyrste grip ikkje djupt nok. Den andre er filosofi med eit religiøst tilsnitt – og ikkje politikk; vert han tolka politisk kan leia rakt ut i ein menneskefiendtleg ekstremisme. Men kva må grøn politikk då vera basert på?
Lat oss byrja med det riktige i den djupøkologiske tenkinga, som uttrykt fyrst i til dømes Stetind-erklæringa: “Natur og menneske utgjør en helhet og et skjebnefellesskap. Naturen er kulturens hjem”. Illustrerande nok er også Stetind-erklæring heilt utan konkret, politisk innhald, men ho sler fast ein viktig ting: Samfunnet kviler på allmenningane. Den politiske implikasjonen av det er klar, me må forvalta og ivareta allmenningane for framtida. Men for å setja det om i praktisk politikk må ein ha fleire ting med seg.
For det fyrste må politikken vera truverdig. Ein kan ikkje sjå bort frå at mennesket uansett påverkar verda rundt seg, og det nyttar ikkje å gjera “natur” og “kultur” om til fråskilte kategoriar. Det tyder at ein til dømes må ha ein energipolitikk som heng saman. Ein kan ikkje vera imot både fossil energi, atomkraft, vasskraftutbygging og vindmøller. Det gjev eit reknestykke som ikkje heng ihop. Ein saksorientert organisasjon treng ikkje i same grad å tenkja på dette, men ein kvar som vil fremma ein heilskapleg, samanhangande politikk må gjera det. Også grøn politikk må leva med naturinngrep.
For det andre må politikken vera positiv. Det tyder at politikken må gå vekk frå det lysegrøne “Nei til…” og over til å fortelja kva ein er for. Det tyder også at ein grøn politikk må kunna fortelja om eit samfunn som er betre enn det samfunnet me har i dag. Ein kan ikkje skissera eit slikt samfunn gjennom åtak på det grå industrisamfunnet, eller gjennom å prata seg varm om problema med vekstparadigme og forbruksideologi. Ein må kunna presentera ein visjon. Visjonen må byggja på konkrete døme og konkrete, handgripelege og truverdige løysingar. Det inneber også at ein må vera open for stadig nye, teknologiske løysingar.
For å redusera utslepp frå transportsektoren må ein på den eine sida redusera transportbehovet og på den andre sida bruka andre former for transport, og andre former for energi til å driva han. Då er visjonen eit samfunn med kortare veg frå arbeidsplass til bustad og dermed mindre tid kasta vekk på pendling og meir tid til familie og vener. Visjonen er ein by med færre personbilar og mindre luftureining, med frigjort plass til fleire grøne lunger og til sosiale møtestadar; bra for astmatikar, bra for dei som vil gå på tur i parken med kjærasten, bra for deg og meg. Ein by for folk, ikkje bilar.
Løysingane er god byplanlegging for mindre transport, barnehagar i nærleiken av bustad og arbeidsstad, skular som er knytt saman med lokalsamfunnet, meir skinnegåande transport, betre bussar, fleire gågater, elbilar og ladestasjonar for desse, osv.
Meir enn berre grøn
For det tredje må grøn politikk vera meir enn berre grøn. Blant grøne har det vore ei motvilje mot å plassera seg i det politiske landskapet. Det har kanskje særleg vore slik i Noreg; der Miljøpartiet Dei Grøne den dag i dag har eit noko uavklart tilhøve til dette, trass i at praktisk politikk plasserer partiet til venstre for sentrum. Ein er ikkje på den tradisjonelle partiaksen, vil nokre seia, og peika på ein alternativ akse mellom til dømes vekst og vern.
Problemet er at alt frå kommunistar til ultraliberalistar, alt frå beinharde nasjonalistar til kosmopolittar kan plasserast på same stad i den aksen. Aksen er kanskje endå meir innhaldslaus enn den klassiske venstre-høgre-aksen i politikken; den fortel uhorveleg lite. Grøn politikk må innehalda noko meir. Grøn politikk må i mine auge vera sosial i økonomiske spørsmål og liberal i spørsmål om individuelle val og forskjellar, kompromisslaus i sitt forsvar av ytringsfridomen, men like kompromisslaus i kamp mot rasisme; ein forsvarar av religionsfridomen, men også av til dømes homofile og kvinner sine rettar når desse vert truga av religiøse grupper. Ein grøn politikk må vera lokal og internasjonal, og anti-nasjonalistisk.
For meg kan dette oppsummerast i at ein god, grøn politikk også må vera venstreliberal.
(Foto: and[w], fra Flickr, under Creative Commons-lisens: Attribution-Noncommercial-No Derivative Works 2.0 Generic)
–
Øyvind Strømmen er redaktør for teknofaun, samt internasjonal kontakt og landsstyremedlem for Miljøpartiet Dei Grøne.

[...] Kva er grøn politikk? | teknofaun http://www.teknofaun.net/?p=275 – view page – cached Verken lysegrøn ad hoc-miljøvern eller djupgrøn filosofi gjev gode svar. Kva er eigentleg grøn politikk? av Øyvind Strømmen Det finst ikkje noko slikt som ein gratis lunsj, seier gjerne marknadsliberalistar. Poenget deira er gjerne at velferdsgoder som offentlege sjukehus, offentlege skular og bibliotek faktisk kostar noko; me betaler over skatteseddelen – det er ikkje gratis. Men dei av… Read moreVerken lysegrøn ad hoc-miljøvern eller djupgrøn filosofi gjev gode svar. Kva er eigentleg grøn politikk? av Øyvind Strømmen Det finst ikkje noko slikt som ein gratis lunsj, seier gjerne marknadsliberalistar. Poenget deira er gjerne at velferdsgoder som offentlege sjukehus, offentlege skular og bibliotek faktisk kostar noko; me betaler over skatteseddelen – det er ikkje gratis. Men dei av [...] View page Tweets about this link Topsy.Data.Twitter.User['sonitus'] = {“location”:”Tehran”,”photo”:”http://a3.twimg.com/profile_images/62668637/sonitus2_normal.jpg”,”url”:”http://twitter.com/sonitus”,”name”:”Sonitus.org”,”nick”:”sonitus”,”description”:”Sonitus.org gir deg kremen av norske bloggposter. Tjenesten drives pÃ¥ dugnad av en gjeng bloggere som ukentlig leser tusenvis av innlegg og anbefaler de beste.”,”influence”:”Highly Influential”}; sonitusHighly Influential: “teknofaun: Kva er grøn politikk? http://icio.us/dsrlhx ” 1 day ago view tweet retweet Filter tweets [...]