Analyse: Boikott Israel – ein dårleg idé
Ideen om å boikotta Israel er moralsk tvilsam, ein boikott ville lett ha kunne verka mot sin hensikt, og på toppen er det urealistisk. Det er enkel, men billeg aktivisme.
av Øyvind Strømmen
Bakgrunnen for at debatt om å boikotta Israel igjen har blussa opp er at Israel borda ei rekkje skip på veg mot Gaza. Dette skjedde i internasjonalt farvatn, og under militæraksjonen – utført av israelske kommandosoldatar – vart fleire sivile aktivistar drepne ombord på det Komorene-registrerte skipet Mavi Marmara.
Dette er ei kjensgjerning, trass i at det etterkvart synest pinleg openbert at slett ikkje alle aktivistane ombord på skipet fulgte den ikkje-valdslina dei burde ha fulgt (Sjå: den tyrkiske avisa Hurriyet sine bilete av blodige, forslåtte israelske soldatar).
Er boikott moralsk?
Meir interessant for denne analysa er imidlertid sjølve bakgrunnen for hendinga, nemleg den israelsk-egyptiske blokkaden av Gaza, ein blokkade som har vart sidan 2007. Då tok Hamas - ei reaksjonær rørsle som kombinerer islamisme, nasjonalisme og ein solid porsjon jødehat – kontroll over Gazastripa i det såkalla Slaget om Gaza.
Blokkaden er på mange måtar nettopp ein boikott. Svært mange varer slepp ikkje inn til Gazastripa i det heile.
Egyptarane – som for tida heldt grensa til Gaza open som ein reaksjon på bordinga av Mavi Marmara og dei andre skipa i den såkalla Freedom Flotilla – har grunngjeve blokkaden med at dei ikkje ynskjer å anerkjenna Hamas sitt styre, sidan det ville undergrava dei palestinske sjølvstyremyndigheitene under Mahmoud Abbas. Dessutan ligg det nok både interne tryggleiksomsyn og omsyn til Israel og til deira felles allierte, USA, bak.
Israelarane grunngjev på si side blokkaden med at Gazastripa er eit “fiendtleg område”, blant anna i lys av dei mange åtaka på nærliggjande israelske tettstader med bruk av relativt primitive (og militært sett høgst ineffektive) rakettvåpen.
Blokkaden er ikkje absolutt – ein del varer slepp inn over grensene, og betydelege varemengder vert også smugla til Gazastripa gjennom tunellar frå Egypt, til trass for at både israelarane og egyptarane har freista å stogga dette. Likevel er blokkaden eit ganske illustrerande døme på problema med blokkadar og boikott.
Thomas Hylland Eriksen skreiv våren 2000 følgjande i Morgenbladet:
Boikott er i de fleste tilfeller et tvilsomt politisk virkemiddel. Boikott rammer som regel de fattige og svake, nesten aldri de makthaverne man vil til livs. Den kan medføre utstrakt bitterhet, motreaksjoner og styrket oppslutning om landets felles institusjoner, altså det motsatte av intensjonen.
Dessuten er det et faktum at det er de menneskene som sliter med de mest inhumane regimene som har størst behov for kontakt med omverdenen. Det er tiltak av typen intellektuelt og kulturelt samarbeid med serbere, eksport av europeisk faglitteratur til iranere og alfabetiseringsprogrammer i Kenya som i det lange løp kan undergrave regimene. Det skjer iallfall ikke ved at man vender befolkningene ryggen og dermed gjør dem dobbelt undertrykte.
I tilfellet Gaza fører blokkaden til:
- omfattande problem for fiskarar på Gaza, som ikkje får fiska utanfor tre nautiske mil frå kysten, og som ifølgje den israelske menneskerettsgruppa B’Tselem også vert utsett for omfattande trakassering.
- kollaps i Gaza sin økonomi, med ekstrem arbeidsløyse og sviktande mattryggleik som resultat, ifølgje FN og AIDA
- manglande moglegheit til rekonstruksjon etter Gaza-krigen, ifølgje FN-organet UNHCR
Det er med andre ord gode grunnar til å påstå at blokkaden av Gaza råkar vanlege innbyggjarar på Gaza-stripa hardt, og det er grunn til å hevda at dei fattigaste og svakaste vert råka hardast – ikkje minst mange av Gazastripa sine born, rundt 60% av folketalet på 1,4 millionar. Innbyggjarane på Gaza er dobbelt undertrykte; ikkje berre vert området dei bur i styrt av ei sterkt reaksjonær og undertrykkande gruppe, dei må også leva med konsekvensane av den israelsk-egyptiske blokkaden.
Dette er mogleg å sjå på som brot på reglane for jus in bello, altså for rettferd i krig, ein prinsipp som seier at “dei uskuldige sin immunitet må ivaretakast”.
“Uskuldig” omfattar her dei som ikkje er involverte i stridshandlingar, til dømes born, eldre, utlendingar, religiøs leiarskap, krigsfangar osv. Det tyder ikkje at dei ikkje er “patriotiske, ikkje moralsk stør krigen, eller ikkje deltek i krigsøkonomien, men berre at dei ikkje er ein trugsel, ikkje er deltakande i strid” (Yoder, “When war is unjust”, s. 157).
I møtet med den tragiske situasjonen på Gaza er det naturleg at ein ynskjer å gjera noko. For mange i Noreg er svaret at ein burde boikotta Israel. Problemet er at ein effektiv, generell boikott mot Israel også ville råka fattige, svake og unge disproporsjonalt, og at den også ville kunne sjåast på som eit brot på jus in bello-prinsippet. Til liks med blokkaden av Gaza ville også ein slik boikott jamvel råka folk som ikkje på noko vis kan klandrast for den politikken som vert ført – det er til dømes grunn til å tru at ein slik boikott ville gå ut over den utsette arabiske minoriteten i landet. Økonomien i dei palestinske sjølvstyreområda på Vestbreidda kunne også verta skadelidande.
I motsetnad til kva Palestinakomiteen og Boikott Israel-kampanjen hevdar er boikott ikkje “ein ikke-voldelig taktikk for dem som ikke har makt til å påtvinge andre sin løsning”. Generelle boikottar er ei form for økonomisk krigføring som råkar uskuldige.
Med andre ord: dersom ein ser dei openberre moralske problema med blokkaden av Gaza, korleis kan ein unngå å sjå at ein reell boikott av Israel også ville ha moralske problem?
Vil ein boikott ha positiv effekt?
Dersom ein likevel vel å sjå bort frå dei moralske problema som uløyseleg knyter seg til ei slik moderne form for beleiring dukkar det opp eit anna problem, nemleg at boikottar sjeldan er effektive.
I “Economic Sanctions Reconsidered” (1990) av Gary Clyde Hufbauer, Jeffrey Scott og Kimberly Ann Elliott vert ei rekkje tilfelle av økonomiske sanksjonar retta mot land gått gjennom og vurdert. Konklusjonen var at sanksjonane fungerte i 40 av 115 tilfelle, eller 34 prosent. Det er ikkje ei overveldande suksessrate. Ein seinare gjennomgang av desse 40, gjort av forskaren Robert A. Pape, konkluderer imidlertid med at berre fem av dei kan kallast reelle suksessar. Det finst faktisk grunnlag for å påstå at det å truga med økonomiske sanksjonar er meir effektivt enn faktiske økonomiske sanksjonar.
Nokre boikottar og økonomiske sanksjonar har faktisk hatt demonstrerbart motsett effekt av det ein har ynskja å oppnå med dei. Sanksjonar kan føra til “rally ’round the flag”-effekten, slik mellom andre Johan Galtung har påpeikt. Her kan ein syna til eksempel som den italienske støtta til Mussolini under Folkeforbundet-boikotten og serbisk støtte til Slobodan Milosevic.
Kan ein tenkja seg ein slik effekt også ved ein reell boikott mot Israel? Ifølgje den israelske fredrørsla Shalom Akhshav (Peace Now) kan ein så absolutt det (sitat frå eige intervju):
Divestment and Boycotts have broad implications in terms of relationships, but not in a positive way. Divestment/ Boycotts hardens hearts. It misunderstands the parties in the conflict and the need for balance. Selling shares in a company that sells to the Israeli government will not result in Israelis embracing territorial compromise, nor will it cause Palestinians to reject violent elements within their society. Each party is informed by a far more complicated set of factors than private investments.
Uri Avnery, ein veteran i israelsk fredsrørsle og sentral i den meir radikale fredsorganisasjonen Gush Shalom skriv:
All who wholeheartedly want to help the occupied Palestinian people would be well advised to keep well away from the idea of a general boycott of Israel. It would push all Israelis into the arms of the extreme Right, because it would reinforce the right-wing belief that “All the world is against us” – a belief that took root in the years of the Holocaust, when “all the world looked on and kept silent”. Every Israeli child learns this in school.
Men kva med Sør-Afrika?
Sør-Afrika vert ofte nytta som eit stjerneeksempel på ein økonomisk boikott som fungerte. Thomas Hylland Eriksen skriv:
Boikotten av Sør-Afrika i årene før omveltningene nevnes alltid som “beviset på at virkemiddelet virker”, men den kan like gjerne betraktes som et unntak, og det er uansett uklart i hvilken grad boikotten bidro til systemskiftet. Også den boikotten hadde rare bivirkninger, som da Paul Simon ble svartelistet (sic) av FN for å ha samarbeidet med svarte sørafrikanske musikere.
Den stadige understrekinga av kor velfungerande boikotten av Sør-Afrika kan også sjåast på som eit utslag for ein type eurosentrisme. Ein kan hevda at europearar (og også andre) har ein tendens til å overdriva verknaden av boikotten mot Sør-Afrika fordi dette gjev oss ei viktig rolle i sigeren over apartheid-regimet.
Jo meir boikotten vert overvurdert, jo mindre viktig vert den interne politiske kampen i Sør-Afrika gjort.
Dessutan hadde boikotten av Sør-Afrika betydeleg støtte blant dei – frå eit jus in bello-perspektiv – uskuldige. Det ville i lita grad vera tilfelle i Israel, som sitata frå israelsk fredsrørsle over viser.
Manglande realisme
Eit siste ankepunkt mot idéen om ein boikott av Israel er at han ikkje finst det spor realistisk.
Ein effektiv boikott av Israel er realpolitisk umogleg. Sjølv dagens eksisterande internasjonale boikott av Israel, den arabiske Ligaen sin boikott, har slått store sprekker. Egypt har forlatt boikotten. Det same har Jordan og… dei palestinske sjølvstyremyndigheitene. Medan han opprinneleg heldt nokre store globale selskap frå å investera i Israel i frykt for å mista marknadstilgang i arabiske land er han i dag så godt som utan effekt. Syria og det ikkje-arabiske landet Iran er blant dei få som framleis opprettheldt dei såkalla sekundære og tertiære boikottane (m.a.o. boikott mot ikkje-arabiske selskap som driv handel med Israel).
Dermed står ein att med ein idé om ein boikott som ville vera moralsk tvilsam, som lett kunne fungera mot sin intensjon og som er urealistisk. Men kvifor er han då så populær? To årsaker peiker seg ut:
- boikott har ein sterk symboleffekt; for den som boikottar treng det ikkje ha noko å seia at boikotten ikkje fungerer, så lenge han har ei kjensle av å gjera noko viktig.
- boikott er ein enkel og billeg form for aktivisme. Det vart i 2009 importert varer for 615 mill. kroner frå Israel til Noreg (kjelde: SSB). I 2006 utgjorde import frå Israel samla 0,16 prosent av norsk import. Mange av desse produkta er produkt me slett ikkje merker i kvardagen (blant anna innan IT-bransjen, der Israel er ein sterk aktør, og innan avansert medisinsk teknologi). Den forbrukarboikotten som alt finst råkar helst appelsiner, paprika, poteter og annan frukt og grønsaker som er enkel å få tak i frå andre land. Boikotten kostar altså den boikottande lite. Men: sjølv om Boikott Israel-kampanjen viser blod tytande ut frå ei appelsin i logoen sin er det høgst tvilsamt at redusert sal av Jaffa-appelsiner skulle påverka israelske myndigheiter eller skada det israelske militæret eller israelsk militærindustri.
Dermed vert “Boikott Israel” ikkje berre ein dårleg idé, men også lett ei aksjonistisk sovepute – ein måte å føla at ein gjer mykje, medan ein eigentleg gjer mest ingenting.

Nei, du stoggar neppe israelske valdshandlingar gjennom å slutta å kjøpa israelske appelsiner. Boikott er eit billeg, men dumt virkemiddel.
Finst det alternativ? Sjølvsagt. Ein kan på den eine sida arbeida for målretta boikottar som i større grad råkar dei ein ynskjer å råka, til dømes ein konkret boikott av israelsk våpenindustri eller konkrete selskap som kan klandrast på den eine eller hin måten. Ein kan også stø israelsk og palestinsk fredsrørsle, menneskerettsaktivistar, militærnektarar osv, både gjennom å gje dei merksemd og reint økonomisk.
Boikott av Israel er ei illusorisk ikkje-løysing selt til deg av den radikale venstresida. Dèt er ei vare du ikkje bør kjøpa.

